Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Avdelingsleiar

  • Teneste- og samordningskontor, Time kommune
  • Røyrvika 2, 4340 Bryne
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Salg og service / Personlig tjenesteyting

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Me har ledig ein fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved Teneste- og samordningskontoret. Teneste- og samordningskontoret er verksemda som behandlar alle søknader om helse- og omsorgstenester i kommunen. Me er derfor sentrale i møte med innbyggarane i kommunen. Me har tett samarbeid med dei andre avdelingane i helse og velferd, og også på tvers av kommunal områda. Vår jobb inneber også koordinering og samhandling både internt og eksternt.

Du vil som avdelingsleiar bli ein del av eit bra team, prega av godt arbeidsmiljø og dyktige tilsette. 

Ansvarsområda som er lagt til stillinga gjer den både innhaldsrik og variert.

Leiarstillinga vil ha ansvaret for:

- BPA-ordningane i Time kommune

- Private avlastarar, fritids- og treningskontaktar

- Tilsette ved Time Frivilligsenter, som inkluderer kafe, aktiviteter og kantine



Arbeidsoppgåver

- personal- og budsjettansvar

- rekruttera og følga opp private avlastarar, fritids- og treningskontaktar og tilsette i BPA-ordningane

- oppfølging av arbeidsleiarar i BPA-ordningane

- saksbehandling

- overordna ansvar for det frivillige arbeidet, i eit samarbeid med frivilligkoordinator, og driften av Time Frivilligsenter

- andre oppgåver kan verta tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

- utdanna vernepleiar/sosionom/sjukepleiar

- anna 3. årig høgskuleutdanning, og relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet

- du må ha noko kunnskap om BPA-ordning

- det er ein stor fordel om du har erfaring eller kunnskap om arbeidstidsordningar

- det er ein fordel om du har leiarerfaring

- det er ønskeleg at du har erfaring frå arbeid innan helse og velferd i kommunal sektor

- erfaring frå saksbehandling etter helse- og omsorgstjenesteloven vil vera ein fordel

- kjennskap til det frivillige arbeidet

- førarkort klasse B

- gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting

 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

- du må lika utfordringar, vera fleksibel og løysningsorientert

- robust til å stå i saker som krev noko ekstra

- ha evne til rask omstilling, og ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg

- vera god på å strukturera og prioritera arbeidsoppgåver

- du må meistre samansette oppgåver, vera sjølvstendig og ansvarsbevisst

- evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap

- gode norskkunnskap, både skriftleg og munnleg

- personleg eignaheit til stillinga vil verta vektlagt

 


Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter avtale
  • Ein spanande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit brett fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

 


Kontaktinformasjon

Sølvi Hadland, Verksemdleiar, +47 99712452

Arbeidsstad

Røyrvika 2
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5142696180
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
7. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger