Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Psykolog/psykologspesialist til MBT-team ved Øyane DPS

  • Øyane allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen HF
  • Blombakkane 75, 5354 Straume
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Psykolog

Om jobben

Vi har ledig fast stilling som psykologspesialist eller psykolog ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk. Startdato etter nærare avtale.

Har du interesse for mentaliseringsbasert terapi (MBT) og behandling av pasientar med personlegdomsproblematikk? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg.

Den ledige stillinga er knytt til fagteamet vårt for mentaliseringsbasert terapi (MBT). MBT-teamet er eit tverrfagleg behandlingsteam som gir mentaliseringsbasert behandling til pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsproblematikk. Teamet tilbyr strukturert behandling med individual- og gruppeterapi og arbeider etter prinsippa i MBT-modellen.

Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, rettleiing og fagleg utvikling står sentralt. Vi er opptatt av å halde oss fagleg oppdaterte og vidareutvikle behandlingstilbodet i tråd med ny kunnskap og forsking. Teamet har regelmessig rettleiing frå eksterne spesialistar, og vi legg til rette for undervisning, fagleg utvikling og erfaringsdeling. Vi ønskjer medarbeidarar som er nysgjerrige, engasjerte og som vil vere med på å utvikle tilbodet vidare.

Relevant kompetanse og erfaring med MBT, samt erfaring med behandling av pasientar med personlegdomsforstyrringar, vil bli vektlagt. For søkjarar som ikkje har relevant vidareutdanning, kan vi etter ei samla vurdering leggje til rette for dette.

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden, eit område med om lag 65 000 innbyggarar og sterk befolkningsvekst. Vi ønskjer oss fagleg engasjerte medarbeidarar som vil bidra til vidare utvikling av tenestene våre, og høyrer gjerne frå deg som har noko du brenn for innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar.
Øyane DPS held til i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. DPS-et har to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon og seksjon for psykoselidingar med åtte plassar kvar. I tillegg har vi psykosepoliklinikk/FACT og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande akutteam.

Vi håpar du har lyst til å bli ein del av fagmiljøet vårt på Øyane DPS.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i målgruppa for MBT
  • Gjennomføre individualterapi og/eller gruppeterapi i tråd med MBT-modellen
  • Vurdere indikasjon for MBT og bidra i planlegging og evaluering av behandlingsforløp
  • Delta i tverrfaglege behandlingsmøte, kasusdrøftingar og rettleiing knytt til MBT
  • Bidra til koordinering og kontinuitet i pasientforløp og samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Bidra til fagutvikling, kvalitetssikring og vidareutvikling av MBT-tilbodet.
  • For psykologspesialist: ivareta spesialistfaglege vurderingar og bidra med rettleiing og fagleg støtte til andre behandlarar
  • Journalføring, dokumentasjon og andre oppgåver knytt til forsvarleg pasientbehandling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog og/eller godkjend spesialitet i klinisk psykologi
  • Relevant erfaring
  • Utdanning og erfaring med MBT er ynskjeleg 
  • Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
  • Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra i vårt gode arbeidsmiljø
  • Personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanse
  • Spennande utviklingsoppgåver

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Beate Hauge Støle, Seksjonsleiar, 91187975

Arbeidsstad

Blombakkane 75
5354 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5174064395
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Spørsmål om stillingen

  • LB

    Linn Beate Hauge Støle

    Seksjonsleiar

    91187975
Publisert:
7. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger