Terna avlastning
- Øygarden kommune Terna avlastning
- Ternholmvegen 15 A, 5337 Rong
- Søknadsfrist
- 21. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Deltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Helse og sosial / Andre helseyrker
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Om avdelinga :
Terna avlasting gir avlasting til familiar med barn og unge med nedsett funksjonsevne.
Vi legg stor vekt på å gi trygg og god avlasting tilpassa den enkelte, med fokus på meistring, trivsel, aktivitet og gode relasjonar.
Stillinga er knytt til årsplan med todelt turnus og 12 helger i året, med langvakter om lag kvar fjerde helg.
Ei 20 % stilling kan passe godt for deg som ønskjer å kombinere denne jobben med studium eller anna jobb.
Arbeidsoppgåver:
Som miljøarbeidar hos oss vil du mellom anna:
- bidra til tryggleik, trivsel og gode opplevingar for barn og unge
- utføre stell og pleie
- drive miljøarbeid med barn og unge med ulike diagnosar og ulik grad av somatisk kompleksitet
- følgje opp medisinar i tråd med gjeldande rutinar
- samarbeide tett med kollegaer
- bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
- fylt 18 år
Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurderte dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå arbeid med barn og unge med nedsett funksjonsevne
- erfaring med miljøarbeid, stell og pleie
- interesse for å skape aktivitet, meistring og gode opplevingar saman med barn og unge
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er trygg, fleksibel og løysingsorientert, og som møter barn og unge med respekt, varme og tolmod.
Du kommuniserer godt med både barn, føresette og kollegaer, og du evnar å sjå den enkelte sine behov. Du likar å samarbeide, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig når det trengst.
Hos oss er ingen dagar heilt like – og det er nettopp det som gjer jobben spennande og meiningsfylt.
Vi tilbyr:
- ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn, unge og familiar
- motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- ein arbeidsplass med fokus på samarbeid, trivsel og kvalitet
Vil du bli ein del av teamet vårt?
Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ein trygg og god avlastingskvardag? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kontakt:
Helene Herdlevær Jentoft
Avdelingsleiar Terna avlastning
Tlf. 990 86 598
Monica Førde Landro
Leiar forvaltning og støttetenester
Tlf. 95 80 85 36
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- MF
- Publisert:
- 7. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no