Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

I BFD er det ledig stilling som kommunikasjonsrådgivar med ansvar for sosiale medium

  • Barne- og familiedepartementet
  • Postboks 8036 dep, 0030 Oslo
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Kultur og kreative yrker / Journalistikk, kommunikasjon og litteratur

Om jobben

Om stillinga

Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert og som ønskjer å jobbe med kommunikasjon i skjeringspunktet mellom fag og politikk. Stillinga vil ha ansvar for departementets innhald i sosiale medium, og delta i ein felles redaksjon for regjeringas sosiale medium. I tillegg inneber jobben å ta del i dei mange løpande strategiske og operative oppgåvene i Kommunikasjonseininga. Vi er til saman seks medarbeidarar i Kommunikasjonseininga, som gir faglege og strategiske kommunikasjonsråd til politisk leiing og departementet. Arbeidet er kjenneteikna av eit høgt tempo, varierte oppgåver og eit hyggeleg arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåvene vil i hovedsak vere å

  • produsere, redigere og publisere innhald som video, foto, nyheitsgrafikk og nyheitssaker for sosiale medium og digitale kanalar 
  • jobbe med strategi og innhald til departementets og regjeringas sosiale medium 
  • delta i Kommunikasjonseiningas pressevaktordning 
  • jobbe med ekstern kommunikasjon og pressearbeid 
  • jobbe med intern kommunikasjon og intranett
  • produsere og publisere innhald for nettsider 
  • bidra i løpande oppgåver

Du må rekne med noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid, og også noko reising i jobben. Vi ser etter deg som har høg grad av fleksibilitet og er villig til å ta på deg oppgåver innanfor heile ansvarsområdet til Kommunikasjonseininga. Du må ha god kunnskap om sosiale medium og digitale kanalar, og kunne skrive godt på begge målformer og engelsk.


Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på minimum bachelornivå innan journalistikk, medieutdanning, samfunnsvitskap eller liknande. 
  • Minimum to års relevant erfaring med kommunikasjonsarbeid, gjerne frå offentleg sektor.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter, men også evne til å arbeide godt sjølvstendig. 
  • Evne til å arbeide strukturert og under tidspress med korte fristar. 
  • Høg grad av fleksibilitet og arbeidsvilje. 
  • Analytiske ferdigheiter og god vurderingsevne.
  • Serviceinnstilt og profesjonell i jobben overfor politisk leiing og departementet.

Vi ser etter ein lagspelar som tek initiativ og ansvar, og som er fleksibel og serviceinnstilt. Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar i tilsetting til stillinga.


Vi tilbyr

  • lønn i stillingskode rådgivar, i lønnsspenn frå kr. 610 000 – 700 000
  • fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • kontor sentralt i Oslo sentrum, rett ved Stortinget t-banestopp. Vi har kantine, bibliotek og treningsrom i bygget 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse

Andre opplysningar:

  • Vi ber deg leggje ved attester og vitnemål med karakterar når du søkjer. 
  • At du har søkt på stillinga kan bli offentleggjort. Dette gjeld sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Du vil i så fall bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekke søknaden.
  • Den som blir tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert AVGRENSA. Les meir om autorisasjon her:
    https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/.
  • BFD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og inneber at vi verifiserer CV og anna søknadsinformasjon i samband med tilsettinga.

 

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Kari Westersund. tlf.: 928 56 192, e-post: [email protected]


BFD som arbeidsgivar

Som arbeidsgivar vil vi spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av bakgrunn. Vi skal sørge for å leggje til rette arbeidsplassen dersom det er behov for det.


Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for forbrukar-, trus- og livssynspolitikk, barnevern, oppvekst og levekår for barn og unge, familie og samliv. Departementet har etatsstyringsansvar for seks underliggande verksemder. Departementet har om lag 150 tilsette og er lokalisert sentralt i Oslo. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no

Kommunikasjonseininga (KOM) er kommunikasjonsfagleg rådgivar for politisk leiing og embetsverket og har hovudansvar for kommunikasjonsarbeidet til departementet. Dette omfattar mediehandtering, digital kommunikasjon, tekstproduksjon, internkommunikasjon og andre løpande kommunikasjonsoppgåver.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
4. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger