Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Vi søker lege med spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar (gynekolog)

  • Statens helsetilsyn
  • Møllergata 24, 0179 Oslo
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Lege

Om jobben

Som gynekolog hos oss får du bruke fagkompetansen din der han trengs mest. Du vil bidra i tilsynssaker og vere med på å utvikle tilsyn som styrker tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

I Statens helsetilsyn jobbar vi for at befolkninga skal få trygge og gode tenester når dei treng det. Vi fører tilsyn, gir råd og behandlar klager for å avdekke svikt, fremme læring og styrke tilliten til tenestene. Vi utviklar tilsynet i takt med samfunnet og utforskar korleis digitalisering og betre bruk av data kan gi meir treffsikre tilsyn. Derfor er vi også interessert i deg som har erfaring med å samanstille og analysere data.

Hos oss får du meiningsfulle oppgåver, stort fagleg ansvar og eit tverrfagleg miljø med kollegaer frå helsefag, jus og samfunnsvitskap. Du jobbar på tvers av organisasjonen og blir godt kjent med samfunnsoppdraget vårt. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for operativt tilsyn. 

Derfor vil du trivast hos oss:

  • Du får jobbe sjølvstendig og saman med engasjerte kollegaer med kompetanse på tilsyn, juss, helsefag, teknologi og kompetanse på pasienttryggleik.
  • Du får jobbe med oppfølging og formidling av kunnskap om sentrale risiko- og forbetringsområder. 
  • Du får være med å utvikle framtidas tilsynsmyndigheit.

Vi gleder oss til å få deg med på laget. 


Dette skal du gjere

  • Bidra til overordna fagleg styring av og gi fagleg bistand til Statsforvaltarane.
  • Vurdere kvalitets- og pasienttryggleiksarbeidet i verksemder.
  • Samanfatte, analysere og formidle erfaringar frå kunnskap om helsetenestene både intern og eksternt.
  • Bidra til vidareutvikling av metodar for tilsyn.
  • Delta i arbeidet avdelinga har med tilsynsmessig oppfølging av saker.
  • Samanstille fagkunnskap som faktagrunnlag i tilsyn.
  • Svare ut relevante høyringar.
  • Gi informasjon og rettleiing til helse- og omsorgstenestene, pasientar, brukarar og pårørande.
  • Jobbe på tvers i organisasjonen, og tilsette må rekne med å leie og koordinere ulike arbeidslag på tvers av avdelingar og fagområde.

Kompetansen vi ser etter

Du må ha

  • norsk autorisasjon som lege med spesialistgodkjenning innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar
  • brei klinisk erfaring
  • god og heilskapleg systemforståing av helse- og omsorgstenesta
  • erfaring frå arbeid knytte til pasienttryggleik og forbetringsarbeid
  • kjennskap til, eller erfaring med, systematisk kunnskapsinnhenting og analyse
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det er ein fordel om du også har erfaring med: 

  • offentleg forvalting og/eller tilsynsarbeid
  • leiar og/eller relevant leiarutdanning
  • tverrfagleg samarbeid
  • gjennomføring og leiing av prosjekt
  • formidlingsarbeid og kunnskapsdeling

Personlige eigenskapar vi legger vekt på

  • høg gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet med evne til framdrift og gjennomføring
  • evne til å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • fleksibel, gode samarbeidsevner og god rolleforståing
  • strukturert og analytisk arbeidsform

Er dette deg? Da håper vi at du søker!

Dette får du hos oss

I Helsetilsynet får du arbeide med eit viktig samfunnsoppdrag i ein fagleg sterk organisasjon. Arbeidet vårt skal bidra til at innbyggarane får enda betre tenester innan helse, omsorg, barnevern og sosial.  

Les den nye strategien vår: Helsetilsynets og statsforvalternes felles strategi for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetjenestene 2025-2035

Konkret betyr det at du får 

  • lønn som seniorrådgivar innanfor lønnsspennet: kr 1 200 000 - 1 350 000. Ved særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn bli vurdert.
    Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid og moglegheit til å trene ein time i veka i arbeidstida 
  • moglegheit til å arbeide heimanfrå inntil to dagar i veka dersom oppgåvene du skal løyse er eigna for det 
  • 130 nye medarbeidarar med arbeidsstad sentralt i Oslo med sykkelgarasje og eige trimrom. Hausten 2027 flyttar vi til nye, moderne lokale i Fredrik Selmers vei 2 på Helsfyr. 

Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig
av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 

Vitnemål og attestar skal legges ved søknaden. Tilgang til Vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Som del av tilsettinga kan det bli gjort nødvendige bakgrunnssjekkar i samarbeid med ekstern leverandør. Aktuelle kandidatar vil i så fall få beskjed. Vi vil også kontrollere om du har gyldig autorisasjon og spesialisering i Helsepersonellregisteret. 

Søkarlista er offentlege. Ber du om å bli unnateken og vi ikkje kan innvilge det, gir vi deg beskjed (offentlegloven § 25).

 

For å sikre ei meir effektiv og rettferdig vurdering av søknader, brukar vi kunstig intelligens (KI) som støtte i vår
rekrutteringsprosess. Dette innebere at søknadsdokumenta dine kan bli analysert av ei KI-basert løysning levert av vår systemleverandør, Talentech. KI blir berre brukt som eit støtteverktøy – alle endelege vurderingar og avgjerder blir tatt av menneske.

Kontaktinformasjon

Ingerid Helene Herstad Nygaard, Avdelingsdirektør, 21 52 99 50
Mona Kaasa, Underdirektør, 21 52 99 47
Morten Venberget, Underdirektør,  21 52 98 58

Arbeidssted

Møllergata 24
0179 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn

Referansenr.: 5160952520
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
4. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger