Seksjonsleiar medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus
- Medisinsk avdeling, Helse Førde
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Salg og service / Personlig tjenesteyting
Om jobben
Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde?
Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027.
Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt
engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag.
Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling. Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta.
Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028 tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som vil styrkje fagmiljøet ytterlegare.
Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere med på å forme tenestene for framtida.
Arbeidsoppgåver
- Utøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personal
- Planlegge og legge til rette for utdanning av LIS-legar i ulike utdanningsløp
- Planlegge oppgåver og fordele ressursar
- Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar
- Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess
- Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretak
- Drive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjekt
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn
- Leiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Føretrekte kvalifikasjonar
- Erfaring med drift av legeteneste og døgndrift i sjukehus
Personlege eigenskapar
- Du har gode organisatoriske og relasjonelle evner
- Du er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktig
- Du har eigenskapar som fremjar god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt
- Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeids- og fagmiljø
- Lønn etter avtale
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Laila Haugland, Avdelingssjef, 481 01 340Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5174737973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Spørsmål om stillingen
- LH
- Publisert:
- 4. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no