Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Tilkallingsvikarar i grunnskule og vaksenopplæring

  • Surnadal kommune Todalen og Stangvik oppvekstsenter
  • Surnadal
Søknadsfrist
31. des. 2026
Ansettelsesform
Annet
Omfang
Heltid
Antall stillinger
5
Fagfelt
Transport og lager / Logistikk, lagerarbeid og innkjøp

Om jobben

I Surnadal kommune har vi behov for tilkallingsvikarar i grunnskulane og ved vaksenopplæringa.
Vi har behov for tilkallingsvikarar på kort varsel ("ringevikarar") som kan stå på vikarliste hos oss.

Vi søkjer etter deg som har pedagogisk kompetanse og alle fag er aktuelle.
Det er viktig at det går fram av søknad/søknadstekst kva fag du har.

Vi vil ta kontakt med aktuelle søkarar fortløpande.

Det er krav om å levere tilfredsstillande politiattest før tilsetting.

Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

 

Kontaktperson Surnadal barne- og ungdomsskule og vaksenopplæring:

Grunde Walset, einingsleiar, tlf. 99279661

Kontaktperson Mo oppvekstsenter, Todalen og Stangvik oppvekstsenter og Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter:
Gro Kvammen Sæter, einingsleiar, tlf. 92040465


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Arne Landsem er einingsleiar ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter som består av to skular og to barnehagar. Stangvik skule ligg i Melhus- krysset på Kvanne, i same bygg som Stangvik barnehage. Stangvik skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer litt år for år, men ligg på omkring 50 elevar. Gro Kvammen Sæter er styrar i Stangvik barnehage. Stangvik barnehage er ein 3 avdelingsbarnehage. Antal ungar varierer også her, med omkring 30-35 ungar fordelt på 3 avdelingar etter alder. Alderen på ungane er frå 0-6 år. Barnehagen ligg oppå ein liten bakketopp, med fint og variert skogsterreng omkring. Vi har ein lavvo og ei grillhytte i skogen som vi nyttar mykje. Todalen skule ligg i Todalen, på same område som Todalen barnehage. Rektor ved skulen er Britt Mossing. Todalen skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer frå år til år, men ligg på omkring 25 elevar. Jorunn Nordvik er styrar i barnehagen i Todalen. Barnehagen, som er ein del av Todalen og Stangvik oppvekstsenter, har eit heildagstilbod for barn i alderen 0-6 år, og er godkjent for 18 plassar. Vi ønskjer å bidra til ein god barndom, og gje eit variert pedagogisk tilbod, der trivsel, tryggleik, leik og læring står sentralt. Vi ønskjer å gje rom for mangfald, der respekt og toleranse for kvarandre er viktig. Alle skal få opplevingar og erfaringar i høve til alder og modning.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
4. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger