Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Helsefagarbeidar

  • Hareid kommune, skjerma eining og bu- og korttidseininga
  • Teigevegen 55, 6060 Hareid
Søknadsfrist
25. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Helsefagarbeider

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vi har dyktige tilsette som har blitt eller skal bli pensjonistar og har difor ledig faste stillingar som helsefagarbeidar på bu- og korttidseininga og skjerma eining. Vi har også ledig fast stilling som helsefagarbeidar på natt i bu- og korttidseininga, og sjukevikariat som helsefagarbeidar på natt i skjerma eining. Stillingane varierer i storleik, og har alle for tida arbeid kvar tredje helg. Vi tilpassar stillingsstorleik til behov og ønske. Oppgje kva du ønsker i søknaden.

Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er fleksible og positive til endringar.

Skjerma eining er i hovudsak langtidseining for personar med langtkomen demenssjukdom, men har også korttidsopphald. Vi jobbar tett på pasientane for å skape tryggheit og stabilitet gjennom døgnet


Arbeidsoppgåver

  • sikre at tenester utøvast på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
  • pleie - og omsorgsoppgåver til pasientar i sjukeheim
  • ta medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
  • bruke velferdsteknologi i dagleg arbeid
  • delta i kvalitetsutvikling av einingane

Kvalifikasjonar

Du

  • har autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • kan medikamenthandtering
  • meistrar bruk av elektronisk pasientjournal og velferdsteknologi
  • må kunne arbeide turnus 
  • beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte. Du må vere fagleg oppdatert, viser respekt og vere raus i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, klarer å prioritere og har gjennomføringsevne.

For oss er personsentrert omsorg og fagleg utvikling ein naturleg del av kvardagen, og vi forventar at du deler dette engasjementet

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar - stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen. Intervju vert gjennomført og referansar frå siste arbeidsstadar vert sjekka

Vi tilbyr

  • ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsfellesskap
  • spennande faglege utfordringar
  • kurs gjennom Visma og NHI
  • forsikring- og pensjonsordning gjennom KLP
  • funksjonstillegg på kr 5000 per år (full stilling) på fast tilsette på natt

Kontaktinformasjon

Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, 94198242
Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45

Arbeidsstad

Teigevegen 55
6060 HAREID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 5140989094
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

GODE TENESTER - GLADE TILSETTE

Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. 

Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.

Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Jobbe hjå oss - Hareid kommune

 

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
975305066
Publisert:
4. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger