SPAR Jølstraholmen søkjer 1–2 framtidige nøkkelpersonar – er du klar for meir ansvar?
- Spar Jølstraholmen
- Jølstravegen 705, 6847 Vassenden
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Oppstart
- 4. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Annet
- Omfang
- Deltid
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 3
- Fagfelt
- Salg og service / Salg, butikk- og varehandel
Om jobben
Vi ser etter 1–2 nye nøkkelpersonar til SPAR Jølstraholmen. Kanskje er du allereie leiar i dag – eller kanskje du berre veit at du er klar for meir ansvar.
Du treng ikkje vere leiar i dag. Det viktigaste for oss er at du har driv, tek ansvar, likar å få ting gjort og har lyst til å utvikle deg.
Vi har behov både innan butikkdrift og ferskvare, og ønskjer derfor å møte kandidatar med ulik bakgrunn og erfaring. Avhengig av erfaring og kompetanse kan vi tilby alt frå fast 100 % stilling med gode utviklingsmoglegheiter til ei leiarstilling som assisterande butikksjef eller ferskvaresjef frå første dag.
Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa erfaring, kompetanse og kva du ønskjer å utvikle deg vidare innan. Aktuelle oppgåver kan vere kundeservice og sal, varebestilling og vareflyt, kampanjegjennomføring, ferskvare og mat, oppfølging av rutinar og etter kvart ansvar for område, avdeling eller medarbeidarar.
Vi ser først og fremst etter dei rette folka – og kan tilpasse både ansvar, stilling og utviklingsmoglegheiter deretter.
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- EH
- Organisasjonsnummer:
- 974133547
- Publisert:
- 4. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no