Sauda ungdomsskule søkjer
- Sauda kommune Sauda ungdomsskule
- Rådhusgata 32, 4200 Sauda
- Søknadsfrist
- 24. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Utdanning / Ledere av undervisning og utdanning
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Sauda ungdomsskule er ein 8.-10. skule med ca 180 elevar. Skulens leiing består av rektor i 100% og avdelingsleiar i 100%.
Skulen er ein MOT-skule med visjonen «Saman for vår framtid.» Visjonen uttrykkjer ei tru på at den beste skulen skaper vi saman med elevar, føresette og tilsette.
Skulane i Sauda skal stå fram som lærande organisasjonar der fagleg utvikling gjennom kollektiv kompetanseutvikling står sentralt. Nynorsk er hovudmål.
Rektor er organisert under kommunalsjef for oppvekst. Rektor er einingsleiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og tilsette, og går inn i eit leiarnettverk med rektorar frå dei andre skulane i kommunen og i interkommunalt samarbeid.
Sauda kommune ser etter deg som kan og vil vera og gjera ein skilnad for barn og unge. Du har evne til nytenking, er initiativrik og har god gjennomføringsevne.
Ansvar- og arbeidsoppgåver
- Sikre alle elevar eit trygt og godt læringsmiljø
- Følgje opp den lokale BTI-modellen for tidleg og tverrfagleg innsats
- Styre og leie kollektivt kompetanseutviklingsarbeid
- Aktiv deltaking i kommunalsjefen sitt leiarteam og i regionalt samarbeid om kompetanseutvikling
- Utøve internkontroll jmfr. forskrift
- Personaloppfølging
- Administrativ og økonomisk styring
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning med relevant pedagogisk utdanning
- Leiarutdanning (har, eller ønskjer å ta)
- Undervisningserfaring, gjerne frå ungdomstrinnet
- Gode norskdugleikar, munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Me søkjer deg som
- kommuniserer trygt og godt, skriftleg og munnleg
- kan leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta utviklingsarbeid
- kan leie og styre det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til eit godt læringsutbyte for kvar elev
- kan gi og ta imot rettleiing
- har god kjennskap til- og forståing for opplæringslova
- har god økonomisk styring
Personlege dugleikar vil bli vektlagt.
Me kan tilby
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Ein interessant jobb med konkurransedyktige løns- og arbeidstilhøve
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens Pensjonskasse
Tilsetjingsvilkår
Den som vert tilsett, vil vera underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, forskrifter og avtalar for Sauda kommune. Ved tilsetjing vil vi krevje godkjent politiattest. Det vert inngått eigen leiaravtale.
Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til [email protected] eller på telefon 52 78 62 00.
Velkomen som søkjar!
Les meir om å jobbe, bo og leve i Sauda her: https://visitsauda.no/ny-i-sauda/
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- MS
- Organisasjonsnummer:
- 974617285
- Publisert:
- 4. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no