Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Off. godkjent sjukepleiar

  • Heimetenester, Bakk-Ola-marka
  • Anders Hovden-gata 27, 6150 Ørsta
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Sykepleier

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast 100 % sjukepleiarstilling frå 01.12.26.

Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet. Vi er opptatt av å hjelpe kvarandre og skape eit trygt og godt arbeidsmiljø. Du må derfor vere fleksibel og løysingsorientert i møte med endringar og utfordringar som er ein del av arbeidskvardagen. 

I bufellesskapet på Bakk-Ola-marka møter du mange ulike brukarar med samansette helseutfordringar. I dag gir vi teneste til 33 brukarar, men talet kan variere etter kven som får tilbod om bustad på Bakk-Ola-marka. Vi har fokus på å styrke brukarane sine eigne ressursar slik at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Dette gir ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag der inga vakt er heilt like. Du vil få nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom kollega, e-læring, kurs og fagdagar.

Vi er ei framtidsretta teneste som kontinuerleg utviklar og tilpassar oss for å møte morgondagens behov.  Gjennom årsplanlegging og god oppgåvedeling sikrar vi rett kompetanse til rett tid gjennom heile døgnet og året. Vi jobbar helgetimar etter tenestebehov. 
Vi søkjer deg som har engasjement, godt humør og evne til å skape gode relasjonar. Du er fagleg trygg, tek ansvar og ønskjer å bidra til det gode fellesskapet vårt. Samtidig vil du vere med på å vidareutvikle ei berekraftig teneste for framtida.
Søkjar som er i eit utdanningsforløp kan også verte vurderte.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og vurdering av helsetilstand
  • Utøving av helsetenester til heimebuande, fagleg og etisk
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Legemiddelhandtering
  • Dokumentere observasjonar, målingar, vurderingar og tiltak i pasientjournal
  • Sikre fagleg forsvarleg teneste i tråd med lovverk og rutinar  
  • Samarbeid og kommunikasjon med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Bruk av velferdsteknologi
  • Prioritere og organisere arbeidsoppgåver på vakta
  • Oppfølging og implementering av interne rutinar og retningsliner

Justeringar og endringar innanfor arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter off. godkjent sjukepleiar. Søkjar som er i eit utdanningsforløp kan også verte vurderte
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du: 

  • er engasjert, løysningsorientert og har godt humør
  • er utviklingsorientert og motivert for omstilling
  • har gode kommunikasjons- og relasjonskompetanse samt gode samarbeidsevner
  • evne til å skape tillit og gode relasjonar til brukar, pårørande og kollegaer.
  • arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
  • trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Rekrutteringstilskot med bindingstid på 2 år, er akuelt å gi til nytilsette.

Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkludert helgar. Langvakt er mogleg. 

Stillinga er plassert i HTA kap. 4. gr2. Stillinga med krav om min 3-årig høgskuleutdanning

Stillingskode 7174 sjukepleiar

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Agnieszka Kubon-Rzeszutek, Avd.leiar heimetenester Bakk-Ola-marka, 902 19 443, [email protected]
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, [email protected]

Arbeidsstad

Anders Hovden-gata 27
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5160495104
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
915221017
Publisert:
3. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger