Vikariat som barnehagelærar
- Voss herad Bulken barnehage
- Rekvesvegen 94, 5708 Voss
- Søknadsfrist
- 17. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Utdanning / Barnehagelærer
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Ledig vikariat som barnehagelærar 100 % i Bulken barnehage. Stillingen er ledig frå 10.september 2026 til 31.07.2027, med moglegheit til forlenging.
Om arbeidsstaden
Bulken barnehage ligg 8 km frå Voss sentum og er ein barnehage med 30 barn; med 2 avdelingar (1-3 år og 3-6 år). Barnehagen har leirplass med lavvo som den eldste avdelinga i barnehagen brukar. Stillinga er knytt til 1-3 års avdelinga. Har du godt humør, gode samarbeidsevner og trives i ein hektisk kvardag treng me deg.
Me ser etter deg som
- er ein trygg, varm og engasjert vaksen
- er opptatt av leik, relasjonar, utvikling og læring
- kan ta ansvar og arbeide sjølvstendig, samtidig som du er ein god lagspelar
- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgaver
- Som barnehagelærar vil du mellom anna ha ansvar for å:
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet
- bidra til eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø
- observere og følgje opp barna si utvikling og trivsel
- samarbeide tett med kollegaer og føresette
- bidra til eit godt samarbeid på tvers av avdelingane
- delta i og bidra til fagleg utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Bachelor i barnehagelærarutdanning
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- WH
- Organisasjonsnummer:
- 974180944
- Publisert:
- 3. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no