Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Helsesjukepleiar

  • Herøy kommune, Seksjon førebyggjande
  • Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Oppstart
1. okt. 2026
Ansettelsesform
Vikariat
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Helse og sosial / Sykepleier

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Førerkort klasse B

Om jobben

Helsesjukepleiar 100 % vikariat med moglegheit for fast tilsetjing

Vil du vere med og bidra til god helse, meistring og trivsel for barn og ungdom?

Herøy kommune har ledig eit 100% vikariat som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta frå snarast og fram til 19.06.2027, med moglegheit for fast tilsetjing.

Helsestasjon og skulehelsetenesta er ein viktig del av det førebyggjande og helsefremjande arbeidet retta mot barn og unge. Som helsesjukepleiar vil du arbeide i både barne- og ungdomsskule og vere ein viktig støttespelar for elevar, føresette og samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver inkluderer skulehelseteneste i barneskule og ungdomsskule, men oppgåver kan bli endra innanfor område som ligg til seksjonen.

Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert i avdeling for barn, familie og helse, og er lokalisert på Eggesbønes. Seksjonen er samlokalisert med barneverntenesta, seksjon psykisk helse og rus og seksjon rehabilitering. Seksjonen har 10 årsverk.

Herøy kommune nyttar BTS-modellen (Betre tverrfagleg samhandling) som er eit sentralt verktøy i kommunen sitt daglege arbeid og i det kontinuerlege utviklingsarbeidet av tenestene.


Arbeidsoppgåver

  • helsefremjande og førebyggande arbeid i skulehelsetenesta
  • individuelle samtalar og oppfølging av elevar
  • helsesamtalar og helseundersøkingar etter nasjonale retningslinjer
  • rettleiing og rådgjeving til elevar og føresette
  • tverrfagleg samarbeid med skule, fastlegar og andre relevante tenester
  • vaksinering i tråd med "Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram"
  • delta i utvikling av tenesta
  • andre oppgåver kan kome til

Kvalifikasjonar

  • autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar
  • andre med relevant kompetanse kan bli vurdert
  • minimum bachelor i helse- og sosialfag
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • du må ha førerkort klasse B og disponere eigen bil

Det må leggast fram godkjent politiattest før tilsetting.
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden

Personlege eigenskapar

  • du er fagleg engasjert og sjølvstendig
  • du må kunne jobbe strukturert og sjølvstendig, samstundes som du arbeider godt i team
  • du er trygg i møte med barn, ungdom og føresette
  • du er fleksibel, løysingsorientert og god til å prioritere daglege oppgåver
  • du er ansvarsbevisst og toler å stå i krevjande situasjonar
  • vi verdset evna til å skape trivsel, inspirere og bidra til eit stygt og støttande arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagd i stor grad.

Vi tilbyr

  • spanande og meiningsfulle oppgåver med moglegheit til å påvirke tenesta
  • dyktige og engasjerte kollegaer
  • eit tverrfagleg fagmiljø med stort engasjement
  • gode moglegheiter til å påvirke og utforme eige arbeid
  • dagarbeid med fleksitidsordning
  • god forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
  • IA-bedrift
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • moglegheit for sletting av studiegjeld med inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning for kommunar i sentralitetsgruppe 5

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Janita Westbø Remøy, Seksjonsleiar seksjon førebyggjande, +47 41693740

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5167963490
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 19.06.2027
Søknadsfrist: 22.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Spørsmål om stillingen

  • JW

    Janita Westbø Remøy

    Seksjonsleiar seksjon førebyggjande

    +47 41693740
Publisert:
2. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger