Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Sjukepleiarar søkjast til Heimetenesta Område Vest

  • Voss herad Heimeteneste sone vest
  • Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Søknadsfrist
16. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Fagfelt
Helse og sosial / Sykepleier

Om jobben

Sjukepleiarar søkjast til Heimetenesta Område Vest: Tre faste stillingar i 100 % stilling

Vil du vera ein del av eit fagleg sterkt miljø der ingen dagar er heilt like, der latteren sit laust mellom oppdraga, og der kollegaene stiller opp for kvarandre? Då håpar me at nettopp du vil søkja jobb hjå oss i Heimetenesta Område Vest.

Me er ei engasjert og dynamisk kollegagruppe i alle aldrar, med ulik bakgrunn og erfaring. Mangfald gjer oss sterkare, og difor ser me etter deg, anten du er nyutdanna, erfaren eller ein stad midt imellom. Avdelinga vår består i dag hovudsakleg av kvinner, og me oppmodar særleg menn til å søkja. Her vert du teken godt imot uansett kven du er, så lenge du har eit varmt hjarte for faget og menneska rundt deg.

Ledige stillingar

  • 3 x 100 % fast stilling som sjukepleiar

Om arbeidsplassen

Helse og omsorg i Voss herad arbeider etter tillitsmodellen, med pasienten i sentrum og medarbeidarar som kan, vil og tør.

Som sjukepleiar hos oss får du arbeida i eit kompetent fagmiljø med kunnskapsrike og dedikerte kollegaer. Me er stolte av eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel, og me veit at god omsorg også krev gode arbeidsvilkår.

Me nyttar årsturnus som gir føreseieleg arbeidstid og god kontinuitet for brukarane våre. Som tilsett får du høve til å påverka eigen arbeidsrotasjon, med moglegheit for:

  • To-delt eller tredelt turnus
  • Langvakter i turnus
  • Kombinasjonar som passar både drift og livssituasjon

Me tilbyr

  • Rekrutteringstillegg på kr 30 000 ved 100 % stilling som sjukepleiar for nytilsette i Voss herad
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Leiarar som har tillit til medarbeidarane sine og ønskjer å gi ansvar
  • Eigen kompetanseplan som sikrar kontinuerleg fagleg utvikling
  • Nært tverrfagleg samarbeid
  • Spanande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i Sone Vest vil du mellom anna:

  • Utføra sjukepleiarfaglege oppgåver som kartlegging, behandling, observasjon og pleie
  • Bidra til å ivareta brukarane sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
  • Handtera legemiddel på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
  • Dokumentera, saksbehandla og utarbeida samt evaluera tiltaksplanar
  • Rettleia og læra opp kollegaer
  • Bidra til fagutvikling og internundervisning
  • Samarbeida med pasientar, pårørande, legar og anna helsepersonell
  • Ta i bruk og vidareutvikla velferdsteknologi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B

Kven ser me etter?

Me ønskjer medarbeidarar som:

  • Er fagleg trygge og engasjerte
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Tek ansvar og har god gjennomføringsevne
  • Møter menneske med respekt, empati og omsorg
  • Samarbeider godt med andre
  • Ser moglegheiter når utfordringar oppstår

Og ja, det hjelper om du kan handtera både kvardagslege utfordringar og den evige jakta på kvar arbeidstelefonen vart lagd sist.

 Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing 

Søknad

Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
924405678
Publisert:
2. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger