Likar du å jobba med reinhald? Er du opptatt av å halda det reint? Er du brennande opptatt av kvalitet?
- Suldal kommune Teknisk drift
- Sandsvegen 122/Garaneset 38, 4230 Sand
- Søknadsfrist
- 18. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Salg og service / Renholdere og renovasjon
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Førerkort klasse B
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Me søkjer deg som er ute etter ein spennande arbeidskvardag, er ansvarsfull og likar å jobba med eit fysisk krevjande yrke. Du gjer ting nøye og kvalitet er viktig for deg.
Me har ledig fast stilling som reinhaldsoperatør på Suldal sjukeheim frå og med 01.10.2026.
Reinhaldsavdelinga ligg under Teknisk Drift.
Om stillinga:
- Stillingsstorleik: 100%
- Stillingstype: Fast
- Arbeidsstad: Suldal sjukeheim
Arbeidsstad/oppmøtestad kan bli endra dersom andre bygg må prioriterast.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver er dagleg og periodisk reinhald
- Arbeidsdagar er måndag – fredag mellom 07.00 og 17.00.
- Arbeidet vert utført på dagtid.
Kvalifikasjonar:
- Erfaring innan reinhaldsfaget
- Fagbrev som reinhaldsoperatør.
- Andre kan og søkja men vil då bli tilsett som reinhaldar.
- Kunna arbeide sjølvstendig og trivast med å arbeide saman med andre.
- Kunna planleggja eigen arbeidsdag, vera løysingsorientert og fleksibel.
- Evne til å takle ulike utfordringar som andre kan ha
- Evne til samarbeid med andre yrkesgrupper
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førerkort klasse B
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- EK
- Publisert:
- 2. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no