Solund kommune søkjer fastlege/kommuneoverlege
- Solund kommune Helse og omsorg
- Hardbakke, 6924 Hardbakke
- Søknadsfrist
- 1. okt. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Deltid
- Fagfelt
- Helse og sosial / Lege
Om jobben
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med m.a. helsesenter, skule, barnehage og butikksenter. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Solund har til saman ei 100% kommunal legestilling. Me lyser no ut ein fastlegestilling på 33,34 % og ein fastlege/kommuneoverlegestilling på 40% (fordeling ca. 33%/7%).
Solund kommune har rullerande «nordsjø» turnus for legane knytt til Solund legekontor. Me søkjer etter legar kan jobbe 33,34 % med arbeid i turnus 2 veker på og 4 veker av.
Kommunen har eigen legevakt. I vaktveke har du ansvar for legekontoret på dagtid og legevakt på kveld/natt/helg. Vaktbelastinga er høg, men vaktene er fredelege. Me nyttar vaktklasse 1 og takst 15.
Solund kommune sine helsetenester er knytt til legevaktsentralen i Førde. Solund kommune har ein velutstyrt ambulansebåt stasjonert i kommunen, i tillegg til heildøgns bemanna ambulansebil. På vakt har vi god støtte i ambulansetenesta. Lokalsjukehuset er Førde sentralsjukehus, og spesialistressursar i Bergen nyttast i stor grad. Kommunen har si eiga KAD seng knytt til institusjonstenesta i kommunen.
Solund kommune har eit vel utstyrt legekontor som er samlokalisert med helsesjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog og sjukeheim i kommunesenteret Hardbakke. Legekontoret har tilsett sjukepleiar og hjelpepleiar/sekretær.
Arbeidsoppgåver:
- Fastlegekontor på dagtid på kvardagar
- Legevakt, kveld/natt/helg
- Tilsynslege institusjon
Kommuneoverlege stillinga vil i tillegg inneha fleire ansvarsområde:
- Medisinsk fagleg rådgjevar for kommunen
- Medisinsk fagleg ansvar for legevakt
- Fagleg ansvarleg for legekontor
Solund kommune har avtale om interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin
- Fordel med akuttmedisinsk erfaring og legevaktsarbeid.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
Språk:
- Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk
Solund kommune tilbyr:
- Ei spanande stilling i eit godt fagleg og sosialt miljø
- Variert, tverrfagleg samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Bustad i vaktveker
- Reisegodtgjersle til og frå vaktveker
I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Kommunelege 1 Leif M. Skjærstad 57786281
Helse og omsorgsleiar Marit A. Nesse 41291139
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Spørsmål om stillingen
- LM
- Publisert:
- 1. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no