Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Vil du ha ein nøkkelrolle ombord på eit nytt fartøy?

  • Bremnes Seashore AS
  • 5430 Bremnes
Søknadsfrist
13. sep. 2026
Oppstart
Etter avtale
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Privat
Fagfelt
Transport og lager / Sjøfart

Om jobben

Bremnes Seashore styrkar eiga serviceteam med ein ny båt som har planlagt levering januar/februar 2027. Vi søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst styrmann til nyoppretta stilling om bord på MS Laila. Styrmann er ein viktig ressurs i den daglege drifta og skal bidra til trygg, effektiv og profesjonell gjennomføring av fartøyet sine oppdrag.

Som styrmann vil du vere skipsførar sin næraste medarbeidar og stedfortredar, med ansvar for navigasjon, operasjonell støtte og oppfølging av fartøyet sine rutinar og sikkerheitssystem. 

Viktigaste ansvarsområde:

Som styrmann vil du:

  • Vere skipsførar sin stedfortredar ved behov
  • Utføre navigasjon og medverke til trygg drift av fartøyet
  • Bistå skipsførar i planlegging og gjennomføring av operasjonar
  • Leie og koordinere dekksarbeid ved behov
  • Følgje opp vedlikehald av sikkerheitsutstyr og tilhøyrande dokumentasjon
  • Utføre oppgåver som maskinpassar
  • Sikre etterleving av prosedyrar, sjekklister og rapporteringsrutinar
  • Bidra til at drift og operasjonar vert gjennomførte i samsvar med gjeldande regelverk, HMS-krav og interne rutinar


Ønska kvalifikasjonar:

Vi søkjer deg som har:

  • D6-sertifikat
  • Gyldig sikkerheitskurs
  • VHF/SRC-sertifikat
  • Gyldig helseattest
  • Relevant erfaring frå maritime operasjonar er ein fordel

 Vi legg vekt på at du har:

  • God forståing for navigasjonssystem og sikkerheitssystem
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å leie og koordinere operasjonar ute på dekk
  • God operasjonell forståing og evne til å handtere utfordringar på ein trygg og effektiv måte

 Vi ser etter ein person som:

  • Er ansvarsbevisst og påliteleg
  • Har høgt fokus på tryggleik, kvalitet og HMS
  • Tek initiativ og arbeider sjølvstendig
  • Er løysingsorientert og fleksibel
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet om bord

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Me tilbyr

  • Ei spanande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
  • Konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Firmahytter i Røldal, Voss og Spania
  • Skiftordning: 2/2 rotasjon (14 dager på og 14 dager av)

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.

Spørsmål om stillingen

Publisert:
1. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger