Vil du vere med å vidareutvikle partnarskapet mellom stat og kommune i Nav Vestland?
- Nav fylkeskontor Vestland // Partnarskap og kommunikasjon
- Solheimsgaten 7E, 5058 Bergen
- Søknadsfrist
- 15. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- IT / Utvikling
Om jobben
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 48 tilsette, fordelt på fire avdelingar; partnarskap og kommunikasjon, HR og organisasjon, fag og tenester og økonomi og analyse. Vi arbeider etter lean-prinsipp, med vekt på kontinuerleg forbetring, læring, effektiv ressursbruk og utvikling av gode tenester i samarbeid med brukarane våre.
I dei ni regionane ligg det 34 Nav-kontor som alle er bygde på eit likeverdig partnarskap mellom stat og kommune. Målet vårt er å hjelpe folk i arbeid, bidra til inkludering og aktiv deltaking i samfunnet, og sikre sosial og økonomisk tryggleik for den enkelte. Mange av innbyggjarane vi møter har behov for støtte på fleire livsområde, noko som krev tett samarbeid mellom statlege og kommunale tenester.
Vi søkjer no ein seniorrådgivar som skal bidra til å styrkje og vidareutvikle partnarskapa mellom Nav og kommunane i Vestland.
Om stillinga
Som seniorrådgivar vil du få ei sentral rolle i å bygge relasjonar, fremje samhandling og sikre heilskap i samarbeidet mellom fylkeskontoret og Nav-kontora. Du skal bidra til å styrkje samarbeidet mellom stat og kommune, utvikle partnarskapa og leggje til rette for at Nav-kontora kan møte komplekse samfunnsutfordringar på ein heilskapleg måte. Du vil samarbeide tett med fylkesdirektøren, leiargruppa ved fylkeskontoret og leiarar ved Nav-kontora i Vestland.
For å lukkast i rolla må du kunne sjå både kommunale og statlege perspektiv, forstå ulike rammevilkår og bygge tillit på tvers av organisasjonar og nivå. Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategisk utvikling, relasjonsbygging og koordinering. Du ser samanhengar, skaper framdrift og bidreg til at felles mål blir omsette til handling. Arbeidsstad er fylkeskontoret i Bergen. Du må rekne med reiseaktivitet i samband med møte og oppfølging av partnarskapa i heile Vestland.
Kva går jobben ut på?
- vere rådgivar og leiarstøtte i spørsmål knytt til Nav-kontor og partnarskap
- koordinere og følgje opp partnarskapsarbeidet i Vestland
- planleggje, førebu og fasilitere partnarskapsmøte og andre samarbeidsarenaer
- bidra til å styrkje samarbeid og samhandling på tvers av tenester på Nav-kontora
- identifisere moglegheiter for utvikling og spreiing av gode løysingar
- bidra til heilskap, framdrift og forankring i prioriterte satsingar
Stillinga omfattar både strategisk arbeid og praktisk koordinering. Møteførebuing, dokumentasjon, oppfølging av avtalar og samordning av aktivitetar er sentrale verkemiddel for å skape framdrift og utvikling i partnarskapet.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring frå offentleg sektor eller arbeid med offentlege verksemder
- erfaring med koordinering, samhandling eller utviklingsarbeid på tvers av fagområde, organisasjonar eller forvaltningsnivå
- kjennskap til samarbeid mellom statleg og kommunal verksemd
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå kommunal sektor eller Nav-kontor
- kjennskap til dei kommunale tenestene i Nav-partnarskapet
- erfaring frå partnarskap, samhandling eller samarbeidsavtalar
- erfaring frå leiing eller leiarstøtte
Kven er du?
- du ser heilskapen og byggjer tillit på tvers av ulike perspektiv
- du arbeider strukturert, skaper framdrift og følgjer opp prosessar over tid
- du trivst med både strategiske diskusjonar og operativ gjennomføring
Kvifor velje oss?
- ei sentral rolle i utviklinga av partnarskapet mellom stat og kommune i Vestland
- eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- stillinga blir plassert i stillingskode1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 750 000 til 900 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Slik søker du
Vi ønsker å gjøre søknadsprosessen enklere og mer relevant. Du trenger derfor ikke legge ved søknadsbrev. I stedet ber vi deg om å sende inn en detaljert og oppdatert CV, og besvare noen korte spørsmål om din erfaring og kompetanse.
Vi tar kun imot elektroniske søknader via Webcruiter. Vitnemål og attester lastes opp sammen med søknaden.
Kontaktinformasjon
Aida Cisic-Dizdar, assisterande fylkesdirektør, 984 51 566, [email protected]Arbeidssted
Solheimsgaten 7E5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5173375385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2026
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Spørsmål om stillingen
- AC
- Publisert:
- 1. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no