Rådgjevar
- Rettleiingstenesta Vestland indre (Voss), Vestland fylkeskommune
- Gymnasvegen 5, 5700 Voss
- Søknadsfrist
- 16. sep. 2026
- Oppstart
- 1. okt. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Heltid
Om jobben
Vår rådgjevar for vidaregåande opplæring for vaksne og opplæring i bedrift skal vere i ei prosjektstilling dei neste to åra. Vi har derfor ledig eit 100% vikariat som rådgjevar med kontorplass på Voss i perioden 01.10.2026 – 30.09.2028. Det er ei mellombels stilling, med moglegheit for fast stilling.
Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, lærebedrifter, samarbeidsorgan, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar, lærlingar og lærekandidatar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar/lærekandidatar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk- psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift (OIB) og vidaregåande opplæring for vaksne (VO). Rettleiingstenesta Vestland indre har to kontor, i Sogndal og på Voss.
Rettleiingstenesta Vestland indre (Voss) har ledig 100 % stilling som rådgjevar med hovudansvar for vaksenopplæring og oppfølging av lærlingar. Du vil også kunne få ansvar i oppfølgingstenesta.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet til vaksne og lærlingar ved å:
- Rettleie vaksne som ønskjer å søkje vidaregåande opplæring og vurdering av realkompetanse
- Kartleggje opplæringsbehov for vaksne
- Saksbehandle i tråd med gjeldande lov- og regelverk
- Rettleie, følgje opp og besøke lærlingar ute i lærebedrifter
- Arrangere kurs for faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter
- Samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnarar
- Utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga, spesielt aktuelt er oppgåver innan oppfølgingstenesta
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, som t.d. innan pedagogiske fag eller karriererettleiing
- Erfaring med karriererettleiing
- God kjennskap og erfaring frå opplæring, særleg vidaregåande opplæring for vaksne og ulike opplæringsløp mot fagbrev.
- Kjennskap til praksisfeltet og arbeidsmarknaden
- Kunnskap og erfaring frå saksbehandling
- Kunnskap og erfaring i bruk av lov - og regelverk i arbeid med vidaregåande opplæring for lærlingar og vaksne
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som:
- Er løysingsorientert, strukturert
- Har evne til å samarbeide, men òg jobbe sjølvstendig
- Er fleksibel, inkluderande og har evne til å byggje gode relasjonar
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt. Det er krav om politiattest før tilsetjing.
Vi tilbyr
- Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
- Vi er opptekne av at vi skal trivst på jobb og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar.
- Gode forsikringsvilkår.
- Stillingsnemning konsulent/rådgjevar/seniorrådgivar etter kvalifikasjonar og erfaring.
Kontaktinformasjon
Mona Kristin Øvereng Ylvisåker, leiar, 41680306Arbeidsstad
Gymnasvegen 55700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5174058378
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.09.2028
Søknadsfrist: 16.09.2026
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Spørsmål om stillingen
- MK
- Publisert:
- 1. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no