Me er på jakt etter dyktige lærarar!
- Rosseland skule, Time kommune
- Dronning Mauds gate 3, 4340 Bryne
- Søknadsfrist
- 13. sep. 2026
- Oppstart
- 1. nov. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Fagfelt
- Utdanning / Grunnskole
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
På Rosseland skule er me opptatt av å spela på lag og gjera kvarandre gode. Hos oss er både elevar og tilsette på landslaget - Rosselandslaget!
Saman skapar me den gode skulen, der målsettinga er at kvart barn skal ha framgang i si læring og utvikling. For å få dette til, er me på jakt etter deg som likar å spela på lag, og som kan sjå og møta den enkelte eleven eller tilsette som ein aktiv medspelar. Kanskje er du open for ein "overgang" til oss på Rosselandslaget? Kanskje har du gjort noko anna enn å jobba i skulen ei stund, men lengtar tilbake til det pulserande livet på ein moderne og stor barneskule? Kanskje er du på flyttefot til Jæren, eller Sør-Rogaland? Kanskje er du ein nyutdanna og framoverlent person som er på jakt etter draumejobben?
Me er opptatt av å få tak i kvalifiserte lærarar til alle stillingane. Me har eit ungt personale, og no er det fleire som ventar "smått"!
Difor leiter me etter deg med godkjent lærarutdanning, som har lyst til å bli med oss på Rosselandslaget.
Me har ledig inntil 3 lærarstillingar i 100%. Stillingane har ulike startdatoar; 01.11.2026 eller 01.01.2027. I utgangspunktet er stillingane vikariat fram til sommaren 2027, men det er mogleg å få faste stillingar frå 01.08.2027 ved å søkja på Time kommune si fellesutlysning i februar 2027
Rosseland skule er ein stor barneskule som ligg sentralt plassert i Bryne. Skulen har 557 elevar skuleåret 2026-27, og 80 tilsette i skule og SFO. Me kan tilby eit flott skulebygg. Skulen er ein del av "Jærskulen", og me ønskjer derfor å fornya oss, og vera i front av den generelle skuleutviklinga, både lokalt og nasjonalt.
Me arbeider kvar dag for at barnet skal bli møtt og sett, og oppleva meistring aleine og saman med andre på laget vårt.
Me er opptekne av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Me er sertifiserte som Olweusskule og jobbar aktivt med "Laget rundt læraren og eleven", som er eit tverrfagleg samarbeid med blant anna PPT og helsesjukepleiarar.
Arbeidsoppgåver
Lærar 1: Faglærar på 1.trinn
Lærar 2: Faglærar på 4.trinn
Lærar 3: Faglærar/ITO på småskuletrinnet
Fokuset i alt me gjer:
Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for det enkelte barnet? Me fokuserer spesielt på lesing og elevmedverknad.
Kvalifikasjonar
Godkjent allmennlærarutdanning, GLU 1-7/MGLU1-7, med godkjent kompetanse i norsk, matematikk eller engelsk.
Vidareutdanning i spes.ped er ønskeleg,
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunna arbeida sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må lika utfordringar, vera engasjert og løysingsorientert.
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
- Lønn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Geir Soma, Rektor, +47 97581636Arbeidsstad
Dronning Mauds gate 34340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5171516125
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 13.09.2026
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Spørsmål om stillingen
- GS
- Organisasjonsnummer:
- 975297381
- Publisert:
- 1. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no