Miljøarbeidar - vikariat ved Voss vidaregåande skule
- OPK-VV - Voss vgs, Vestland fylkeskommune
- Strandavegen 251, 5710 Skulestadmo
- Søknadsfrist
- 13. sep. 2026
- Oppstart
- 14. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Deltid
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Fagfelt
- Helse og sosial / Andre helseyrker
Om jobben
Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 400 elevar og om lag 120 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda dei tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.
Vi søkjer engasjerte og tydelege miljøarbeidarar til inntil to vikariat, for tilsetjing snarast. Vikariata går fram til jul, og dei kan bli forlenga. Vil du bidra til at elevar med behov for tilrettelagt oppfølging skal lykkast i skulekvardagen? Då kan dette vere stillinga for deg!
Stillinga er for tida knytt til avdeling for tilrettelagt opplæring, HTA og HTH.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:
- deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
- er med i undervisning i grupper/klassar med spesielt ansvar for å følgje opp enkeltelevar
- hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen,
- samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom
- andre oppgåver knytt til skulen sine aktivitetar (til dømes tur- og friluftsliv)
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar. Relevante fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn, kan vere ønskeleg.
Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på fagleg og personleg eignaheit som er relevant for denne typen arbeid.
Vi ønskjer at du:
- har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringar
- samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
- er trygg, roleg og inkluderande i møte med ungdom
- er kreativ, fleksibel og omstillingsdyktig
- deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
- meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- eit nytt og moderne skulebygg
- utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der eleven står i fokus
- eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
- løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Magnhild Hakestad, Rektor, 97737676, [email protected]Katrine Tvilde, avdelingsleiar, 92414252, [email protected]
Arbeidsstad
Strandavegen 2515710 Skulestadmo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5174030916
Stillingsprosent: 89%
Vikar
Startdato: 14.09.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 13.09.2026
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Spørsmål om stillingen
- KT
- MH
- Organisasjonsnummer:
- 916031858
- Publisert:
- 1. sep. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no