Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Vikariat som rettleiar ved Nav Giske

  • Giske kommune
  • Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Søknadsfrist
15. sep. 2026
Oppstart
1. okt. 2026
Ansettelsesform
Vikariat
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Kontor og økonomi / Kontor, forvaltning og saksbehandling

Krav til stillingen

Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.

  • Norsk, muntlig og skriftlig

Om jobben

Vi søkjer rettleiarar som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag!

Nav Giske har eit ledig vikariat i 100% stilling. Vikariatet er ledig omgående og gjeld til 31.10.2027.  

Som rettleiar hos oss vil ein viktig del av jobben vere å motivere og hjelpe brukarar til å finne jobbmoglegheiter og aktuelle tiltak for å kome i eller stå i arbeid. Arbeidet inneber også saksbehandling og forvaltningsoppgåver etter ulike lovverk. Stillinga omfattar både kommunale og statlege oppgåver, og alle tilsette deltek i  bemanning av publikumsmottaket.

Nav Giske består av 15 engasjerte medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Verksemda er utviklingsorientert med høge ambisjonar, og vi legg stor vekt på brukarmedverknad og samhandling. Gjennom innsatsen vår får fleire moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og sikre eiga inntekt. Vi tilbyr tenester til kommunen sine om lag 8 800 innbyggjarar og er ein innovativ og framtidsretta tenesteleverandør. Gjennom brukarmedverknad, samhandling og eit sterkt kompetansemiljø skal vi bidra til å hindre utanforskap, få fleire i arbeid og sikre ein velfungerande arbeidsmarknad.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden.

 


Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg arbeidsretta oppfølging av brukarar
  • Saksbehandling etter relevant lovverk innafor Nav sine kommunale og statlege ansvarsområde
  • Oppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med fokus på arbeid, meistring og inkludering i arbeidslivet
  • Gi råd og rettleiing, også innan privatøkonomi
  • Byggje gode relasjonar og samarbeide med næringsliv og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • Delta i kontoret sine fellesoppgåver 

Nav-kontoret er i stadig endring og utvikling, og ein må rekne med endringar i arbeidsoppgåver ut frå hehov. 

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helse- og sosialfag eller samfunnsfag. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Rettleiingskompetanse frå studiar og/eller praksis
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, minimum nivå B2
  • God digital kompetanse og evne til å raskt setje deg inn i nye fagsystem
  • God relasjonskompetanse

 

Det er i tillegg ønskeleg at du har:

  • Forståing av Nav si rolle i samfunnet
  • Grunnleggjande økonomisk forståing/privatøkonomi
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
  • Kjennskap til næringslivet og kunnskap om arbeidsmarknaden i vårt område
  • Erfaring frå saksbehandling og tolking av lovverk, gjerne frå offentleg forvaltning
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er ein relasjonsbyggar som evnar å skape tillit, kontakt og motivasjon hos brukarar i vanskelege livssituasjonar
  • Du er ein trygg og tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evner å gjennomføre
  • Du arbeider resultatorientert og er oppteken av kvalitet
  • Du bidreg til eit godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Du evner å sjå heilskap og handtere eit breitt spekter av oppgåver
  • Personlege eigenskapar og erfaring med arbeid i Nav vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksitidsordning
  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar Nav Giske, +47 95872214

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5173381565
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 15.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974619148
Publisert:
1. sep. 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger