Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Vi søker dekkssjef/overstyrmann

  • Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
  • Fauskevegen 117, 6230 Sykkylven
Søknadsfrist
15. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Privat
Fagfelt
Transport og lager / Sjøfart

Om jobben

Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Sykkylven-Magerholm, p.t. MF Rovdehorn.

Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode pensjonsordningar og attraktive velferdsgoder.

Skiftordning: 2 veker på, 1 veke av / 2 veker på, 3 veker av. Du går ein kombinasjon av dagvakter, nattevakter og døgnvakter - dette er ein turnus med mykje fri, ein stad mellom 2:3 / 2:4 i snitt, dersom du ser arbeidstimer opp mot mengde fri.

Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. I tillegg til å vere ein bidragsyter mot sikkert og effektiv drift, vil du vere leiar av dekksavdelinga om bord. 

Søkjar må bu lokalt. Aktuelle kandidatar vert kontakta og tilsett fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Du er leiar for dekksavdelinga om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein ansvarsbevisst dekkssjef/overstyrmann med gode leiaregenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysningsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, så tek vi med glede imot søknad frå deg. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attrakive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar
  • Skiftordning: 2 veker på og 1 veke av/2 veker på og 3 veker av. 

Kontaktinformasjon

Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, 90210232, [email protected]

Arbeidsstad

Fauskevegen 117
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5142828467
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2026

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974737647
Publisert:
8. juni 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger