Tilkallingsvikarar - Helsestasjonen
- Stryn Kommune
- Setrevegen 4, 6783 Stryn
- Søknadsfrist
- 12. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Omfang
- Deltid
- Fagfelt
- Transport og lager / Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre?
Legekontoret søkjer tilkallingsvikarar
Er du sjukepleiar, helsesekretær, helsefagarbeidar, medisinstudent eller har annan relevant helsefagleg bakgrunn? Då ønskjer vi å kome i kontakt med deg!
Ved vårt legekontor møter du menneske i alle livsfasar og får vere ein viktig del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi treng tilkallingsvikarar som kan bidra ved fråvær, ferieavvikling og periodar med auka aktivitet.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå kompetanse og behov, og kan mellom anna omfatte:
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Telefon- og resepsjonsarbeid
- Laboratoriearbeid og prøvetaking
- Assistanse ved konsultasjonar
- Administrative oppgåver
- Andre oppgåver ved legekontoret
Kvalifikasjonar
- Har relevant utdanning eller erfaring
- Er serviceinnstilt og møter folk med respekt og omsorg
- Arbeider strukturert og sjølvstendig
- Trivst i ein hektisk kvardag
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har gode norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Verdifull erfaring frå primærhelsetenesta
- Fleksible arbeidsdagar etter behov
- Moglegheit til å arbeide med menneske og helse i sentrum
Praktisk informasjon
Arbeidet skjer etter behov, og vi ønskjer søkjarar som kan stille på kort varsel ved behov. Opplæring vil bli gitt.
Har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 95733547Arbeidsstad
Setrevegen 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5170396466
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 12.09.2026
Om arbeidsgiveren
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Spørsmål om stillingen
- MH
- Organisasjonsnummer:
- 987761806
- Publisert:
- 31. aug. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no