Sjukepleiar 100 % i Valldal omsorgstenester - natt
- Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
- Olavsgata 10, 6210 Valldal
- Søknadsfrist
- 14. sep. 2026
- Ansettelsesform
- Fast
- Omfang
- Heltid
- Sektor
- Offentlig
- Fagfelt
- Helse og sosial / Sykepleier
Krav til stillingen
Du kan søke selv om du ikke oppfyller alt.
- Norsk, muntlig og skriftlig
Om jobben
Vil du jobbe på eitt av dei vakraste stadene i landet – og samtidig gjere ein forskjell for menneske i alle livsfasar?
Fjord kommune søkjer engasjert sjukepleiar til eit inkluderande fagmiljø.
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar ved Valldal omsorgstenester, der du blir ein del av eit miljø som arbeider med fokus fagleg kvalitet, stort engasjement og gode kollegaer. Heimetenesta har base ved Valldal sjukeheim og har nært samarbeid med institusjonen. I første etasje ved open omsorg er det døgnbemanna omsorgstilbod med fast tilbod, der heimetenesta har sete. Nattevaktene arbeider her saman på natt.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg og fagleg sterkt sjukepleiararbeid
- Medikamenthandtering, vurderingar og pasientoppfølging
- Tverrfagleg samarbeid
- Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid
- Sjølvstendig ansvar og oppfølging av brukarar og pasienta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Trygg, fleksibel og løysingsorientert
- Førarkort klasse B
- Kunne arbeid i tråd med sjukepleien yrkesetiske retningslinjer
Personlege eigenskapar
- Møter folk med varme, respekt og profesjonalitet
- Liker å jobbe strukturert og handterer kvardagar slik som dei kjem
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Vil vere med å utvikle tenestene i Fjord kommune
Vi tilbyr
- Garantilønn på 596 600 lik 10 års ansiennitet for stillinger med krav om 3-årig U/H-utdanning
- Sjukepleiar med 16 års ansiennitet eller meir får 10 000 kr i tillegg på garantilønn
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot i KLP
- Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom
Kontaktinformasjon
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960Arbeidsstad
Olavsgata 106210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 5167499030
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2026
Om arbeidsgiveren
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Spørsmål om stillingen
- SS
- Publisert:
- 31. aug. 2026
- Kilde:
- arbeidsplassen.no