Hopp til innhold
Logg inn

Tilbake til søket

Ledig stilling som reinhaldsleiar, Bygg- og eigedomsdrift

  • Etne kommune Bygg- og eigedomsdrift
  • Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Søknadsfrist
14. sep. 2026
Ansettelsesform
Fast
Omfang
Heltid
Sektor
Offentlig
Fagfelt
Salg og service / Renholdere og renovasjon

Om jobben

Etne kommune, Bygg- og eigedomsdrift har ledig 100% stilling som reinhaldsleiar.

Vi søkjer ein fagleg trygg, strukturert og engasjert medarbeidar som vil vere med og vidareutvikle reinhaldstenesta og sikre god kvalitet i arbeidet.

Reinhaldsleiar har ei sentral rolle i den daglege drifta av avdelinga, med ansvar for planlegging, koordinering, oppfølging og fagleg rettleiing. Stillinga kombinerer praktisk reinhaldsarbeid med administrative og koordinerande oppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • fordele arbeidsoppgåver i dialog med gruppa, organisere arbeid ved fråvær og ferie
  • følgje opp at reinhaldet vert utført i tråd med fastsette standardar, regelverk og målsettingar
  • prioritere reinhaldsoppgåver ut frå hygieniske, estetiske og faglege vurderingar
  • delta i dagleg reinhald og andre oppgåver ved behov
  • sjå til at hovud reinhald og periodisk reinhald vert gjennomført som avtalt
  • ha dialog med brukarar og eksterne samarbeidspartnarar
  • planleggje og leggje til rette for arrangement, utleige og eksterne brukarar
  • ha ansvar for dokumentasjon, internkontroll og reinhaldsplanar og bruk av digitale system
  • motivere medarbeiarar og bidra til godt arbeidsmiljø og godt samarbeid i avdelinga
  • sikre opplæring, oppfølging og fagleg utvikling i avdelinga
  • ha fokus på HMS. Bidra til førebygging av fråvær og helseskadar
  • bidra til varebestilling og innkjøp innanfor fastsette rammer og i dialog med leiar
  • ha ansvar for reinhaldslager
  • ha ansvar for kontroll av maskinar og følgje opp service, vedlikehald og reperasjonar
  • bidra til fakturahandsaming og timeføring
  • bidra til god ressursutnytting og til at avdelinga held seg innanfor økonomiske rammar
  • delta i nettverksmøte, intervju og fleirfagleg samarbeid ved behov
  • utføre andre interne oppgåver som leiar vurderer som tenelege for avdelinga, til døme; fakturahandtering og innkjøp m.m.

Kvalifikasjonar

  • det er krav om fagbrev innan reinhaldsoperatørfaget
  • det er ønskjeleg med erfaring frå reinhald
  • det er ein fordel med erfaring frå leiing eller arbeidsleiing
  • krav til førarkort klasse B
  • god fagleg forståing for kvalitet, hms, økonomi og internkontroll
  • krav om evne og interesse til å nytte digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • søkjar må meistre norsk godt, både munneleg og skriftleg

Eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • er tydeleg og ansvarsmedviten
  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kan motivere og følgje opp medarbeidarar
  • bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø for tilsette og yte god service for brukarar
  • er fleksibel og løysningsorientert
  • har evne til å handtere både dagleg drift og planlegging

Personlege eigenskapar vert lagde vekt på.

Me tilbyr

  • ein interessant jobb med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • utvikling og kompetanseløft
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • lønn etter tariff og godkjent ansiennitet
  • fleksitid

Annan informasjon

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Rapporter annonsen

Om arbeidsgiveren

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Spørsmål om stillingen

Organisasjonsnummer:
974592614
Publisert:
18. juni 2026
Kilde:
arbeidsplassen.no

Lignende stillinger